Eigenberedskapsveka 2026: Øving med bemanna informasjonspunkt torsdag 29. oktober
I samband med Eigenberedskapsveka 2026, vil utvalde informasjonspunkt vere bemanna av representantar frå lokallaga av Røde Kors, Norske kvinners sanitetsforening og Bjørnafjorden kommune torsdag 29. oktober.
Kom gjerne innom for ein beredskapsprat!
Torsdag i Eigenberedskapsveka vil utvalde informasjonspunkt vere bemanna med representantar frå lokallaga av Røde Kors, Sanitetsforeiningane og Bjørnafjorden kommune. Her ved f.v. beredskapsrådgivar Ella Marie Brekke Vangsnes, Annbjørg Laupsa frå NKS, Atle Vågstøl frå Os Røde Kors og kommunedirektør Arild McClellan Steine.
Ragnhild Stende Bjaadal
Dette gjeld følgjande informasjonspunkt:
- Kommunetorget i Bjørnafjorden rådhus kl. 10-14
- Hovudbiblioteket på Os kl. 12-19
- Biblioteket i Eikelandsosen kl. 10-19
- Utvalde daglegvarebutikkar kl. 15-19: Joker Søfteland, Meny Industriveien, Rema 1000 Kuven stasjon, Coop Extra Irisgården + Rett Mat, Kiwi Moberg, Spar Nore Neset, Coop Prix Øyane, Joker Strandvik, Spar Fusatun, Nærbutikken Holmefjord, Joker Revnestranden og Bunnpris Eikelandsosen.
Eit informasjonspunkt er ein stad der du kan finne informasjon frå kommunen når mobilnett eller internett ikkje fungerer, til dømes ved ekstremvêr, dataangrep eller andre beredskapssituasjonar.
I Bjørnafjorden kommune har vi i dag totalt 37 informasjonspunkt, mellom anna på alle daglegvarebutikkane. Sjå oversikta og noter kva for informasjonspunkt som er nærmast deg.
Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal
Sist endra 28.10.2026 13:42