Informasjonspunkt i Bjørnafjorden kommune

Eit informasjonspunkt er ein stad der du kan finne informasjon frå kommunen når mobilnett eller ­internett ikkje fungerer, til dømes ved ekstremvêr, dataangrep eller andre beredskapssituasjonar.

Målet er å gi deg som innbyggar kvalitetsssikra og oppdatert informasjon om kva som skjer og kor du kan få hjelp dersom vi ikkje kan informere via internett eller mobiltelefon.

I Bjørnafjorden kommune har vi totalt 37 informasjonspunkt, mellom anna på alle daglegvarebutikkane.

KI/Copilot

Kva kan du finne på informasjonspunktet?

  • oppdatert informasjon om situasjonen
  • informasjon om kommunale tenester
  • informasjon om korleis du melder behov for akutt hjelp

Informasjonen blir utforma av tilsette i kommunen. Plakatar/oppslag blir så henta av frivillige i Røde Kors og Norske Kvinners Sanitetsforening, som tar ansvar for å distribuere og henge opp plakatar på kvart av dei 37 informasjonspunkta.

Dersom det ikkje er mogleg å produsere plakatane digitalt i ein krisesituasjon, til dømes ved langvarig straumbrot, vil informasjonen vere handskriven.

Her finn du informasjonspunkta i Bjørnafjorden kommune:

Hovudinformasjonspunkt:

  • Kommunetorget, Bjørnafjorden rådhus
  • Biblioteket på Os
  • Biblioteket i Eikelandsosen

Informasjonspunkt i alle daglegvarebutikkane:

  • Baldersheim: Joker
  • Eikelandsosen: Spar og Bunnpris
  • Fusa: Spar
  • Holmefjord: Nærbutikken
  • Lysefjorden: Rema 1000 og Kiwi (opnar november 26)
  • Nore Neset: Nærbutikken Hagavik/Hagavik hjemmebakeri og Spar Nore Neset
  • Os sentrum: Kiwi Moberg, Rema 1000 Moberg, Kiwi Haugsneset, Extra Irisgården, Rett mat, Malina Os, Extra Osøyro, Kiwi Gudridflaten, Kiwi Idrettsvegen, Meny Os, Rema 1000 Kuven Stasjon, Thon Senter Os: Extra og Spar
  • Strandvik: Joker
  • Sævareid: Nærbutikken
  • Søfteland: Joker
  • Øyane: Coop Prix

Andre informasjonspunkt:

  • Bogøy: Oppslagstavle ved Boga-Holsund-krysset
  • Halhjem: Søre Neset idrettshall
  • Hegglandsdalen: Ungdomshuset
  • Holdhus: Oppslagstavle ved skulebygget
  • Nordtveit: Busstopp på Stølen
  • Strøno: Oppslagstavle ved krysset rett etter brua
  • Sundvor: Oppslagstavle ved kyrkja
  • Sundfjord: Oppslagstavle ved grendahuset
  • Vinnes: Oppslagstavle ved bygdahuset