Eigenberedskapsveka 2026: Enkle grep styrker eigenberedskapen

Her er nokre råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.

  1. Noter deg kva for informasjonspunkt som er nærmast deg. Sjå heile oversikta over informasjonspunkt i Bjørnafjorden her. Eit informasjonspunkt er ein stad der du kan finne kvalitetssikra informasjon frå offentlege myndigheiter i ein beredskapssituasjon kor mobilnett og internett er nede.
  2. Ver ein beredskapsvenn. Digitale tenester gjer oss meir sårbare. Samarbeid gjer oss sterkare. Alle treng ikkje ha alt. Finn ut kven du kan hjelpe, kven du kan få hjelp av og kva for utstyr de kan dele. Bli einige om kor de skal møtest dersom de ikkje får kontakt med kvarandre.
  3. Skaff ein DAB-radio. DAB-radio brukar eit eige kringkastingsnett. Med ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv, kan du få viktig informasjon frå myndigheitene sjølv om internett er nede og straumen blir borte. NRK P1 er beredskapskanal og skal sikre informasjon til publikum, òg dersom andre nyheitsmedium ikkje er tilgjengelege.
  4. Lad opp batteribank og utstyr. Ha ein opplada batteribank tilgjengeleg, og ekstra batteri til radioen. Ved fare for problem med mobilnett, internett og straum - lad mobil, datamaskin og anna utstyr. 
  5. Vurder abonnement med ulike mobilnett. Ha ein beredskapsvenn eller nokon i omgangskrinsen med abonnement på eit anna mobilnett enn det du har. Då mister ikkje alle dekninga samtidig dersom det oppstår feil i eitt av mobilnetta. 
  6. Ha ei liste på papir med ulike viktige telefonnummer, dersom du må låne ein telefon.
  7. Finn ut korleis du kommuniserer over wifi. Dersom mobilnettet er nede, men internett framleis fungerer, kan du ringe eller kommunisere på andre måtar over internett. Sjekk om telefonen din støttar wifi-anrop, og korleis du slår på denne funksjonen. Avtal med dine nærmaste om kva for appar de òg kan bruke til samtalar og meldingar, og sjekk at dei fungerer.


Kjelde: Nasjonal kommunikasjonsmyndighet og DSB

Les meir her: Råd hvis internett og mobilnett ikke virker