Vedtak om endring etter forenkla prosess – Bebyggelsesplan Nordstrøno, gnr. 27 bnr. 52 mfl.

  • Plannamn:  Bebyggelsesplan Nordstrøno gnr. 27 bnr. 52 mfl. 
  • PlanID: 4624_2000502
  • Arkivsak: 26/7536
  • Frist for å klage: 19.11.2026

Bjørnafjorden kommune har vedtatt endring av Bebyggelsesplan Nordstrøno gnr. 27 bnr. 52. mfl. etter forenkla prosess. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 12-14.


Saka gjeld endring av bustadtype og organisering av bustadeiningane i felt KS1. Endringa fører til reviderte føresegner datert 16.09.2026, men det er ikkje gjort endringar i plankartet. Bakgrunnen for søknaden er å leggje til rette for 16 sjølvstendige bustadeiningar organiserte som firemannsbustader. Gjeldande plan opnar allereie for totalt 16 bustadeiningar i KS1, men føresegnene omtalar feltet som vertikaldelte tomannsbustader og skil mellom ordinære bustadeiningar og utleigebustader.
 

Alle dokumenta i saka finn du på Bjørnafjorden kommune si heimeside. Du finn dei ved å søkje på saksnummeret 26/7536.


Eventuell klage sendast til post@bjornafjorden.kommune.no. Ver venleg og vis til
saksnummeret 26/7536. Frist for å klage på vedtaket 19. november 2026