Varsel om oppstart av detaljregulering Revne næringsområde

  • Sak: 25/23936
  • Føremål: Næringsverksemd
  • Frist: 07.01.2027

 

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 blir det varsla oppstart av detaljreguleringsplan Revne næringsområde 201/1 m.fl. i Bjørnafjorden kommune.

Føremålet med planen er å leggje til rette for utvikling av ein næringspark på eigedommen.

Planområdet ligg i Baldersheim mellom Sævareidfjorden og fv. 549 (Sundvorvegen). 

Skissert planområde er på om lag 108 daa og er sett av til næring i kommunedelplan for Bjørnafjorden vest. 

Planen medfører krav om konsekvensutgreiing for naturmangfald og klima, jf. § 8 i forskrifta. 

Forslagsstillar er Sykkelkomponenter AS og plankonsulent er Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS. 

Merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS

Postboks 103

5649 Eikelandsosen

eller per e-post: post@byggadmin.no

Fristen for å senda inn merknader er den 7. januar 2027.

Spørsmål knytt til planinitiativet kan rettast til Petter E. T.  Flotve på e-post: petter@byggadmin.no 

Lysinga finn du også på www.byggadmin.no 

Kommunen sine opplysninger i saka finn du her