Kunngjering av vedtatt detaljreguleringsplan for Mobergsneset, 52/505

Frist for å klage 03.12.2026

Klagen skal vera skriftleg og sendast til: 

Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller post@bjornafjorden.kommune.no 

Ver vennleg å vis til saksnummer 23/1871

 

 

Bjørnafjorden kommunestyre gjorde i møtet den 29.10.2026 følgjande vedtak:

 

Bjørnafjorden kommunestyre vedtar framlegg til detaljregulering for Mobergsneset, 52/505 med plankart datert 16.09.2026 og føresegn datert 06.11.2026, med følgjande endringar:

Føresegn pkt. 3.1.9 om parkeringskrav blir endra til 0,6 parkeringsplassar for bil pr. hotellrom, jf. Plan- bygg- og miljøutvalet sitt vedtak 15.10.2025, sak 115/2025

Nytt punkt 6.2 (som skyv på  nummereringa for dei påfølgande). Før igangsettingsløyve for grunnarbeid skal det opparbeidast nye offentleg tilgjengelege parkeringsplassar for bil i samsvar med krav til parkeringsplassar for søknaden etter pkt. 3.1.9. Dette omfattar også 31 parkeringsplassar knytt til Oseana. Plassane skal opparbeidast innanfor ein avstand frå SF på inn til 600 meter. Det kan innvilgast unntak frå kravet til opparbeiding før igangsettingsløyve med utsetting til bruksløyve/ferdigattest, dersom det kan dokumenterast at plassane vil være ferdig opparbeida før bruksløyve/ferdigattest for nybygg hotell/næring. Dei nye plassane skal være mellombelse og skal sanerast når parkeringsanlegg i fjell blir tatt i bruk, i samsvar med plan for sanering i reguleringsplan for parkeringsanlegg i fjell og kollektivterminal, planid 4624_20231400.

Opprinneleg punkt 6.3.2 går ut.

 

Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova §12-12 fyrste avsnitt, jf. § 1-5.

Kommunestyret sitt endelege vedtak om reguleringsplan kan klagast på, jf. pbl. § 12-12, tredje avsnitt, jf. § 1-9m jf. fvl. § 28.

I samsvar med fvl. § 27 b, blir det bestemt at søksmål om gyldigheita av vedtaket eller krav om skadebot som følgje av vedtaket, ikkje skal kunne reisast utan at part har nytta sitt høve til å klage over vedtaket, og at klagen er oppe og avgjort av den høgaste klageinstansen som står open.

 

Planen legg til rette for etablering av hotell på Osøyro. Hotellet skal koplast saman med Oseana kunst & kultursenter. Nord for hotellet er det planlagt for eit nytt næringsbygg som er kopla saman med hotellet. Uteområdet framfor hotellet blir regulert til gatetun. Dette startar nord i planområdet, går langs hotellet og sør over mot Mobergsviko. Gatetunet blir utforma som eit nytt bygolv på fotgjengarane sine premisser. Parkering blir etablert under bakken.

 

Sjå saksdokument her

Sjå kart her 

 

Frist for å klage 03.12.2026

Klagen skal vera skriftleg og sendast til: 

Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen eller post@bjornafjorden.kommune.no 

Ver vennleg å vis til saksnummer 23/1871