Velkomen til ein inspirerande villmarkskveld på Tysnes!

Tysdag 27. oktober inviterer Bjørnafjorden landbrukskontor jegerar, grunneigarar og andre naturinteresserte til ein kveld fylt med sterke naturopplevingar, jaktforteljingar og fagleg påfyll om hjorten. Vel møtt i Grendatun i Uggdal.

Bjørnafjorden landbrukskontor

Kveldens gjesteforedragshaldar er John Trygve Solheim, eit velkjent namn for mange med interesse for hjort, jakt og hjorteviltforvaltning. I løpet av kvelden byr Solheim på filmar frå hjorten sitt liv og frå hjortejakt i norsk natur, spennande forteljingar og erfaringar frå eit langt liv med hjort og jakt og fagleg innføring i aldersvurdering av hjort med praktiske døme frå både bilete og kjevar. 

Passar for alle som er interessert i jakt og natur

Det vert òg ein god pause undervegs med høve til å slå av ein prat og treffe andre med interesse for jakt og viltforvaltning. Dette vert ein kveld som passar like godt for den erfarne jegeren som for deg som ønskjer å lære meir om hjorten. 
Bli med på ein inspirerande kveld der vakre naturopplevingar, spanande filmar og gode historier frå hjortejakta står i sentrum, krydra med nyttig kunnskap for alle som er interesserte i jakt og natur. 

Ta gjerne med jaktkameratar, naboar, grunneigarar, vener og andre interesserte. Vi håpar å sjå deg på Tysnes til ein lærerik og sosial villmarkskveld!  

Tysdag  27. oktober klokka 19.30–21.30/21.45 

Grendatun Uggdalsvegen 305, 5685 Uggdal

Kvelden er lagt opp slik at han passar med ferjetidene frå Os: 
Halhjem – Våge: 18.15–18.50   Våge – Halhjem: 22.10–22.45

Arrangementet er gratis, men krev påmelding. 

Les meir om programmet og meld deg på her