Treng du rettleiing frå oss på byggesak før årsskiftet?

Ikkje vent for lenge med å bestille avtale. Torsdag 17. desember er siste dag byggesak er ope for møte i 2026. 

Unsplash / Ksenia Yakovleva

Vi er tilgjengelege som vanleg frå måndag 4. januar 2027. “Som vanleg” betyr at du kan bestille møte med oss måndagar, tysdagar og torsdagar. I lenka under kan du velje fysisk møte, teams-møte eller du kan be om at ein saksbehandlar frå byggesak ringer deg.

Bestill avtale her

Vi les e-post i romjula 

For å få ferieavviklinga til å gå opp er vi altså ikkje tilgjengelege for møte, men nokon av oss er på jobb og les den felles e-posten både 21. og 22. desember og i romjula. Adressa er byggesak@bjornafjorden.kommune.no. 
Du kan òg nå oss via Kommunetorget. 

Kort oppsummert

Siste opningsdag i 2026 er torsdag 17. desember. Første opningsdag i 2027 er måndag 4. januar. 
Helsing byggesaksavdelinga