Søndag 18. oktober er det klart for årets viktigaste søndagstur: TV-aksjonen

Midlane frå årets aksjon går til NRC Flyktninghjelpa, og skal gi over 400 000 menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og håp for framtida. 

Du kan framleis melde deg som bøsseberar.

TV-aksjonen

Verdas største innsamlingsaksjon

TV-aksjonen blei starta i 1974. Kvar haust sidan har bøsseberarar banka på dører over heile Noreg, og millionar av menneske har fått livsviktig hjelp takka vere innsatsen frå frivillige og givarar. TV-aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon målt i talet på frivillige og innsamla kroner per innbyggar.

Kvart andre sekund må eit menneske flykte på grunn av krig og konflikt. Midlane frå årets aksjon går til NRC Flyktninghjelpa og skal gi over 400 000 menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo ein trygg heim og håp for framtida. 

Bli bøsseberar!

I Bjørnafjorden kommune manglar vi framleis bøsseberarar. Meld deg som bøsseberar på blimed.no! Der kan du sjølve velje ruta du kan tenke deg å gå. Bøsseberarane er framleis svært viktige og ein stor grunn til at TV-aksjonen klarar å samle inn så mykje år etter år. Når bøsseberarane ringer på dørene, blir folk minna om TV-aksjonen, kva midlane går til, og at dei kan vere med og bidra. Som bøsseberar går du frå dør til dør i om lag to timar.

Støtt skulane sine digitale bøsser

Dei siste åra har mange skular i Bjørnafjorden engasjert seg og tatt del i TV-aksjonen med skuleløp og andre aktivitetar. Skulane åleine har samla inn store summar og er ein viktig bidragsytar til dugnaden. Dersom du ikkje får besøk på døra på søndag, oppfordrar vi til å støtte den digitale bøssa til nærskulen din.
Desse Bjørnafjorden-skulane har meldt frå om at dei har digitale bøsser: Nore Neset barneskule, Borgafjellet barneskule, Ådlandsfjorden barneskule, Lunde barneskule, Strøno barneskule og Søre Øyane barneskule.