Søk Bufdir om tilskot til inkludering av barn og unge 2027

Tilskotsordninga Tilskot til inkludering av barn og unge er no lyst ut for 2027. Frivillige organisasjoner og andre aktørar som er registrert i Frivilligregisteret kan søke. Søknadsfrist er fredag 13. november 2026.

Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune

Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til å utvikle opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge frå 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor.

På Bufdir sine sider finn du alt du treng å vite om tilskotsordninga, kven som kan søke, kva aktivitetar som kan få støtte, og korleis du går fram.

Kven kan søke?

  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

Det er gjort endringar i forskrifta som gjeld frå 1.1.2027, blant anna om kven som kan søke om tilskot. Berre frivillige organisasjoner og andre aktører som er registrert i Frivillighetsregisteret på søknadstidspunktet kan søke. Kommunar og andre offentlege aktørar kan altså ikkje lenger søke på denne ordninga.

Etter at du har sendt inn søknaden

Kommunen rangerer søknadene som er komne inn, før Bufdir gjer den endelege saksbehandlinga. Informasjon om forventa saksbehandlingstid finn du på Bufdir sine nettsider.

Kontakt

Line Naterstad Solheim
Leder
Telefon: 55553333
Mobil: 45812959