Luranetunet søkjer frisør og fotterapeut

Er du frisør eller fotterapeut? Luranetunet bu- og behandlingssenter har ledige lokale for deg som vil drive eiga verksemd, og gi tenester til både bebuarane og dine eigne, eksterne kundar.

Unsplash

Luranetunet ønskjer at du er tilgjengeleg for bebuarane to dagar i veka. Elles kan du nytte lokala til andre kundar.

  • Gode lokale med rimeleg leige
  • Lett å kome til og gode parkeringsmoglegheiter
  • Ei spennande moglegheit for deg som ønskjer fleksibilitet, og ein kombinasjon av fast kundegrunnlag og eigen praksis

Ledig for fotterapeut frå 1. januar 2027, og for frisør frå 1. august 2027.

Er dette noko for deg?

Ta kontakt med ass. einingsleiar Elena Larsen på telefon 95 27 44 42 eller e-post: elar@bjornafjorden.kommune.no