Kva saker skal kommunestyret behandle i dag?

Blant sakene som skal opp i dagens møte i Bjørnafjorden kommunestyre er hotell på Mobergsneset, organisering av Bjørnafjorden brann og redning, ny barnehage i Lysefjorden, oppretting av kreftkoordinatorstilling og søknad frå Nore Neset aktivitetshus om kommunal garanti.

Du kan sjå møtet på Kommune-TV

Møtet blir sendt direkte på Kommune-TV, og blir tilgjengeleg i opptak på kommunen si heimeside. 

Her kan du sjå strøyminga av dagens møte frå klokka 16. 

Kommunestyremøtet er òg ope for publikum som vil vere fysisk til stades. Du kan følge møtet frå publikumsplassane bak i kommunestyresalen. Bjørnafjorden rådhus, 4. etasje. Bruk inngang D. 

Les alle møtesakene her

Under finn du sakspapira til alle sakene kommunestyret skal behandle 29. oktober 2026. Klikk på “Bjørnafjorden kommunestyre”.