Bjørnafjorden kommunen blei 30. oktober 2026 kontakta med ønske om vising av Kommunetunet. Det vart gjennomført vising av eigedomen kort tid etterpå. Kommunen mottok 8. november eit skriftleg bod på 7,5 mill. kroner. Kjøpar er opplyst å vere De Bergenske AS, representert ved Kjetil Smørås.
De Bergenske har lang erfaring med utvikling og drift av hotell, restaurantar og serveringsverksemder i Bergen. Kommunedirektøren vurderer på denne bakgrunnen kjøparmiljøet som ein profesjonell og relevant aktør for eit prosjekt av denne karakteren.
– Dette handlar ikkje om at behovet for omsorgsbustader er blitt mindre. Det handlar om at vi no har fått ei moglegheit som ikkje låg på bordet då kommunestyret vedtok å arbeide vidare med Kommunetunet som tomt for omsorgsbustader, seier kommunedirektør Arild McClellan Steine.
Kvifor blir dette tilrådd no?
Då kommunen valde å arbeide vidare med Kommunetunet som tomt for omsorgsbustader, var det etter at eigedomen hadde vore gjennom ein omfattande salsprosess utan at det kom inn formelle bod.
Kommunetunet vart opphavleg lagt ut for sal fordi kommunen ønskte nærings- og sentrumsretta aktivitet på eigedomen. Då det ikkje lukkast å finna kjøparar, vart eigedomen vurdert som ein aktuell plass for nye omsorgsbustader.
Situasjonen er no endra. Kommunen har fått eit konkret initiativ frå ein erfaren hotellaktør som ønskjer å investere i Eikelandsosen og utvikle eit hotell- og opplevingskonsept med overnatting, servering, møtefasilitetar og arrangement.
Kommunedirektøren har i si vurdering lagt vekt på at hotellet gir ei ny moglegheit til å skape meir aktivitet og utvikling i Eikelandsosen sentrum. Eit hotell kan gi nye arbeidsplassar, trekkje fleire besøkande til området og styrkje Eikelandsosen som møtestad for både innbyggarar, næringsliv og tilreisande.
Omsorgsbustadene skal framleis byggast
Behovet for nye omsorgsbustader i Eikelandsosen er uendra. Kommunedirektøren står fast ved behovet for om lag 20 omsorgsbustader med personalbase og dagsenter.
– Spørsmålet er ikkje om vi skal bygge omsorgsbustader, men kvar vi skal bygge dei. Innbyggarane som treng desse bustadene skal framleis få eit godt og framtidsretta tilbod, seier Steine.
Dersom kommunestyret ønskjer å legge til rette for hotell på Kommunetunet-tomta, må kommunen arbeide vidare med andre sentrumsnære tomter for omsorgsbustadene. Dette er også tilrådd i saka som blir lagd fram for politisk behandling. Mellom anna kan det vere aktuelt å sjå på kommunale areal ved Fjord’n nærsenter på nytt og undersøkje om ei meir kompakt bygningsløysing med større utnytting i høgda kan vere gjennomførbar utan vesentlege konsekvensar for veg og parkering. Dette må utgreiast nærare før det kan konkluderast med ei alternativ lokalisering.
Sakene skal behandlast i formannskapet og kommunestyret i desember.