Fransisco Munoz/Bjørnafjorden kommune
KI-briller skapar utrygt skulemiljø
Skulesjef Janne Eik har fått meldingar om at elevar fryktar å bli filma eller fotografert av medelevar som kjem med KI-briller på skulen. Dette gjer skulemiljøet utrygt. Derfor har skulesjefen sendt ut felles informasjon til alle skuleleiarar der ho slår fast at KI-briller ikkje skal brukast på skulane våre.
Forbode gjennom skulereglar og IKT-reglement
Det er så langt ikkje vedtatt eit eige nasjonalt lovverk eller lokal forskrift som handlar om KI-briller i skulen. Bruken av dei mykje omtalte brillene er imidlertid regulert av Bjørnafjorden kommune sine felles skulereglar og IKT-reglementet.
I IKT-reglementet står det klart at det er læraren som bestemmer når digitalt utstyr skal brukast, og paragraf 8e i skulereglane slår fast at “eleven viser god åtferd ved å praktisere godt nettvett og bruke digitale einingar som ein kan kommunisere med, som t.d. mobil, smartklokke, nettbret, etter gjeldande IKT-reglement eller etter avtale med lærar”.
Legg brillene heime
Skulesjefen tar høgd for at nokre elevar etter kvart kan få slike briller som hjelpemiddel. Men hovudregelen er altså at er ikkje fritt fram å bruke digitale einingar som ein kan kommunisere med. KI-brillene må ligge att heime.