Har du forslag til program til Den kulturelle spaserstokken?
Profesjonelle utøvarar kan no sende programforslag for 2027 til Den kulturelle spaserstokken (DKSS) i Bjørnafjorden kommune. Fristen er 15. oktober.
Fransisco Munoz / Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune arrangerer konsertar og kulturopplevingar for godt vaksne bjørnafjordingar både i og utanfor institusjonane våre. Driv du profesjonelt med formidling av kunst og kultur, og ønskjer å vere ein del av Den kulturelle spaserstokken i Bjørnafjorden? Send oss eit forslag til program for 2027!
Les meir om korleis du melder inn forslag, og om honorar og betingelsar.
Det er Kultureininga som koordinerer arbeidet med "Den kulturelle spaserstokken" i Bjørnafjorden kommune.
Har du spørsmål? Kontakt rådgivar Grete Byrkjeland på e-post.
Fristen er 15. oktober.
Sist endra 23.09.2026 10:44