Gratulerer med jubileet, Ådlandsfjorden barneskule!
Fredag 20. november fekk ordførar Terje Søviknes, kommunedirektør Arild McClellan Steine og kommunalsjef Oppvekst Line Rye vere med på jubileumsfeiring og lesefest ved Ådlandsfjorden barneskule.
God stemning. Elevane fekk bestemme kva teikn leiinga skulle vise, då blei det "Rock on!" Det kan fort kome til nytte i andre kommunale settingar. Frå v.: Ordførar Terje Søviknes, kommuedirektør Arild McClellan Steine og kommunalsjef Oppvekst Line Rye.Skulen er 30 år i år og har alt feira ved fleire høve. Fredag var det feiring med lesefest, og dei driftige sanitetskvinnene i bygda stelte i stand smørelunsj. Elevar og tilsette var med, og kommuneleiinga hygga seg med song, god mat og prat kring borda. Dei blei òg vist rundt på skulen, med elevrådet som guidar.
Ordføraren hadde med jubileumsgåve på 10 000 kroner. Saman med resten av elevane ved skulen skal elevrådet finne ut kva dei vil bruke pengane til.
Gratulerer!
Sist endra 23.11.2026 10:52