Publikum i Oseana blei villig med på enkle styrkeøvingar i plenum, under kyndig leiing av fysioterapeutane Mona Tysseland Hetleflåt og Rebecca Schieldrop.Balanse og styrke gir tryggleik i kvardagen
Gjennomgangstema for den kommunale informasjonskvelden i Oseana var kva kvar og ein kan gjere for å få ein god alderdom og bu heime og klare seg sjølv lengst mogeleg. Mange opplever med åra at balansen blir dårlegare og det kjennest tyngre å bevege seg. Då kan kvardagen sakte men sikkert bli meir avgrensa. Her er det treningstilbodet “Sterk og stødig” kjem inn.
- Det å kjenne seg trygg i eigen kropp er avgjerande for å leve eit fritt og aktivt liv. Heldigvis går det an å få betre balanse og styrke gjennom enkel trening, seier Hetleflåt og Schieldrop, som begge jobbar i fysioterapitenesta i Bjørnafjorden kommune. Dei har starta ei Sterk og stødig-gruppe i haust, som blir leia av dyktige frivillige. Deltakarane er begeistra, og målet er å få i gang fleire treningsgrupper, gjerne i fleire krinsar.
Kva er Sterk og stødig?
Sterk og stødig er styrke- og balansetrening i grupper, tilpassa vaksne over 65 år som kjenner seg litt meir ustøe enn før, eller som merkar tidlege teikn på funksjonssvikt. Treninga gir betre balanse, meir styrke og ikkje minst større tryggleik i kvardagen.
Rebecca Schieldrop og Mona Tysseland Hetleflåt er fysioterapeutar i kommunen.
Kven passar Sterk og stødig for?
Sterk og stødig er for deg som
- er over 65 år
- bur i eigen heim
- i hovudsak klarer deg sjølv i kvardagen. Du kan til dømes ha hjelpemiddel, tryggleiksalarm eller matlevering, men ikkje heimesjukepleie.
- kan gå utan hjelpemiddel innandørs. Det er nødvendig fordi treninga føregår ståande og gåande på ein trygg måte.
- opplever endringar i bevegelsesfunksjon eller kjenner deg ustø i enkelte situasjonar
Vil du bli instruktør? Meld deg gjerne saman med ein ven
Sterk og stødig har sidan starten for 20 år sidan gitt livsglede og meistring til tusenvis av eldre over heile landet. 150 norske kommunar har fått i gang Sterk og stødig-trening. Meir enn 1000 frivillige instruktørar bidrar, og meir enn 10 000 deltakarar møter kvar veke opp til trening som gjer ein reell forskjell.
Hetleflåt og Schieldrop er svært nøgde med instruktørane som alt er i gang, og er sikre på at det finst mange fleire potensielle instruktørar i Bjørnafjorden.
Har du lyst til å prøve? Kanskje har du ein ven, ein nabo, ein kollega eller en bekjent som du kunne tenke deg å vere instruktør saman med? Kanskje blir terskelen litt lågere når de er to? Då kan de lære saman, støtte kvarandre og få gleda av å gjere noko meningsfullt saman – både for dykk sjølv og for andre.
Du blir kursa, og får oppfølging undervegs
- Instruktørane får opplæring, og vi i fysioterapitenesta følger dei opp. Som instruktør leier du ei treningsgruppe ein gong i veka. Du treng ikkje stille kvar veke – fleire instruktørar kan dele på ansvaret, og det er rom for fleksibilitet, seier Hetleflåt og Schieldrop.
Instruktørane får opplæring på to heile kursdagar og ein halv dag med praktisk gjennomføring.
På sidene til Nasjonalt senter for aldring og helse kan du lese meir om Sterk og stødig.
Meiningsfullt og sosialt
Dette er ei unik moglegheit til å vere i fysisk aktivitet sjølv, samtidig som du gjer ein meiningsfull innsats for menneske i nærmiljøet ditt.
- Du treng ikkje tidlegare erfaring med å leie grupper. Det viktigaste er at du likar å vere i rørsle, møter folk med varme – og har lyst til å spreie tryggleik og treningsglede, seier Mona Tysseland Hetleflåt og Rebecca Schieldrop. Du treng ikkje å vere den sprekaste i rommet for å bli instruktør i Sterk og stødig. Kanskje er det faktisk ein fordel å kjenne seg litt igjen i målgruppa og vite at det med åra kan vere utfordrande å halde seg i form.
Tysseland Hetleflåt og Schieldrop understrekar at Sterk og stødig er meint å vere eit viktig supplement i kommunen sitt samla treningstilbod for seniorar, men det erstattar ikkje treningssenter eller behandlingstilbod.
Lurer du på noko? Ta kontakt!
Kunne du tenke deg å bli instruktør, eller har du spørsmål? Ta ein uforpliktande prat med Mona: 94005568 eller Rebecca: 47693325, send dei ein e-post, eller fyll ut namn og telefonnummer i felta under og trykk Send inn, så tar dei kontakt med deg.