Eigenberedskapsveka 2026: Informasjonspunkt i Bjørnafjorden kommune

Eit informasjonspunkt er ein stad der du kan finne informasjon frå kommunen når mobilnett eller ­internett ikkje fungerer, til dømes ved ekstremvêr, dataangrep eller andre beredskapssituasjonar.

I Bjørnafjorden kommune har vi i dag totalt 37 informasjonspunkt, mellom anna på alle daglegvarebutikkane. Sjå oversikta lengre nede på sida, og noter kva for informasjonspunkt som er nærmast deg.

Kva kan du finne på informasjonspunktet?

  • Oppdatert informasjon om situasjonen
  • Informasjon om kommunale tenester
  • Informasjon om korleis du melder behov for akutt hjelp

Målet er å gi deg som innbyggar kvalitetsssikra og oppdatert informasjon om kva som skjer og kor du kan få hjelp dersom vi ikkje kan informere via internett eller mobiltelefon.

Informasjonen blir utforma av tilsette i kommunen. Plakatar/oppslag blir så henta av frivillige i Røde Kors og Norske Kvinners Sanitetsforening, som tar ansvar for å distribuere og henge opp plakatar på kvart av dei 37 informasjonspunkta.

KI/Copilot

Dersom det ikkje er mogleg å produsere plakatane digitalt i ein krisesituasjon, til dømes ved langvarig straumbrot, vil informasjonen vere handskriven.

Her finn du informasjonspunkta i Bjørnafjorden kommune:

Hovudinformasjonspunkt:

  • Kommunetorget, Bjørnafjorden rådhus
  • Biblioteket på Os
  • Biblioteket i Eikelandsosen

Informasjonspunkt i alle daglegvarebutikkane:

  • Baldersheim: Joker
  • Eikelandsosen: Spar og Bunnpris
  • Fusa: Spar
  • Holmefjord: Nærbutikken
  • Lysefjorden: Rema 1000 
  • Nore Neset: Nærbutikken Hagavik/Hagavik hjemmebakeri og Spar Nore Neset
  • Os sentrum: Kiwi Moberg, Rema 1000 Moberg, Kiwi Haugsneset, Irisgården: Extra og Rett mat, Malina Os, Extra Osøyro, Kiwi Gudridflaten, Kiwi Idrettsvegen, Meny Os, Rema 1000 Kuven Stasjon, Thon Senter Os: Extra og Spar
  • Strandvik: Joker
  • Sævareid: Nærbutikken
  • Søfteland: Joker
  • Øyane: Coop Prix

Andre informasjonspunkt:

  • Bogøy: Oppslagstavle ved Boga-Holsund-krysset
  • Halhjem: Søre Neset idrettshall
  • Hegglandsdalen: Ungdomshuset
  • Holdhus: Oppslagstavle ved skulebygget
  • Nordtveit: Busstopp på Stølen
  • Strøno: Oppslagstavle ved krysset rett etter brua
  • Sundvor: Oppslagstavle ved kyrkja
  • Sundfjord: Oppslagstavle ved grendahuset
  • Vinnes: Oppslagstavle ved bygdahuset

Øving med bemanna informasjonspunkt torsdag 29. oktober

I samband med Eigenberedskapsveka 2026, vil utvalde informasjonspunkt vere bemanna av representantar frå lokallaga av Røde Kors, Norske kvinners sanitetsforening og Bjørnafjorden kommune torsdag 29. oktober.

Dette gjeld følgjande informasjonspunkt:

  • Kommunetorget i Bjørnafjorden rådhus kl. 10-14
  • Hovudbiblioteket på Os kl. 12-19
  • Biblioteket i Eikelandsosen kl. 10-19
  • Utvalde daglegvarebutikkar kl. 15-19: Joker Søfteland, Meny Industriveien, Rema 1000 Kuven stasjon, Coop Extra Irisgården + Rett Mat, Kiwi Moberg, Spar Nore Neset, Coop Prix Øyane, Joker Strandvik, Spar Fusatun, Nærbutikken Holmefjord, Joker Revnestranden og Bunnpris Eikelandsosen.

Kom gjerne innom for ein beredskapsprat!