Den nye skiltinga på Osøyro gjeld frå 15. oktober

Frå torsdag 15. oktober må bilistar på Osøyro innarbeide nye parkeringsvanar. Store delar av Os sentrum blir parkering forbudt-sone. 

Teipen på dei nye skilta forsvinn og skiltinga er gyldig frå og med torsdag 15. oktober. Til høgre i biletet blir det ikkje lenger tillate å parkere.

Frå no av kan du berre parkere på nordsida av gateløpet Øyro. Det er heilt slutt på parkering på sørsida av gata, heilt frå busshaldeplassen og til Brugata. 
Gamle skilt som ikkje er gyldige lenger, er no fjerna. Alle skilt på Osøyro gjeld, enkelt og greitt.