Maja Holen og Lillian Kvamsøy er strplande nøgde med å kunne ønske velkommen til BUA i nytt hus.Torsdag føremiddag kunne Maja Holen og Lillian Kvamsøy ønske velkommen til ei føropning for å takke dei som har bidratt til å få alt klart i tide til opninga. Frivillige, kommunetilsette av ymse slag og handverkarar frå lokale bedrifter fekk kake og stor takk for innsats og velvilje. Her har mange trekt i lag.
Fleksibelt hus
BUA ligg under Os frivilligsentral, og leiar Stine Kobbeltvedt skrytte stort av Maja Holen og Lillian Kvamsøy. Ho la ikkje la skjul på at dei to, saman med gode hjelparar, har jobba omtrent døgnet rundt for å kome i mål.
I Os stasjon har BUA god plass til utstyr, og Fiksebua har fått sitt eige rom. Ein dyktig frivillig har plassbygd hyller frå golv til tak. Hyllene er malt i BUA sine signaturfargar, og fylt opp med skeiser, skisko, soveposar, stormkjøkken og veldig mykje meir.
Kom og lån!
Passande nok nyopna BUA same dag som vi fekk årets første snø. No er det berre å ta turen innom og sjekke utvalet. Her kan barn, unge og familiar låne stort sett alt dei treng til tur og friluftsaktivitetar.
Opningstidene til BUA i Os stasjon er
- måndag klokka 15-17.30
- torsdag klokka 16-19
Velkommen!