SLT-koordinator Elin Tuft og Matias Meder Clemensen frå Utekontakten jobbar tett på ungdommar i Bjørnafjorden.
Mari Lyssand
SLT-koordinator Elin Tuft og Matias Meder Clemensen frå Utekontakten er to av dei som er tett på ungdomsmiljøa i kommunen, og som kan svare på korleis kommunen tar grep. Dei understrekar at dei aller fleste ungdommar oppfører seg fint, men at det er nødvendig å ta grep for å få slutt på uønskt aktivitet. Dei er klar over utfordringane på Nore Neset, og det er sett i verk nokre tiltak.
- Framover kjem Utekontakten til å prioritere å vere meir synleg på Nore Neset. Vi skal snakke med alle ungdommar vi møter når vi er ute, seier Meder Clemensen.
Det er løpande dialog mellom skulane, politiet og Familiens hus, der Utekontakten, Ungdomsteamet og SLT-koordinatoren er tilknytta. Andre kommunale einingar er òg kopla på. Oppvekst skal saman med Eigedom drift vurdere mogelege fysiske tiltak på kommunale bygg. Det er òg dialog med i idrettslaget.
Synlege vaksne
I tillegg til at Utekontakten, Ungdomsteamet, skule og politi samarbeider, er det effektiv førebygging med synlege vaksne ute i nabolaget. Tuft har vore i kontakt med Natteravnane og forhøyrd seg om dei kan gå rundar i området i dei lett gjenkjennelege jakkane sine når dei har vakter. Forhåpentleg får dei selskap frå andre turgåarar.
- Nore Neset er kjent for ha eit aktivt og engasjert lokalmiljø, med sterk dugnadsånd. Vi veit at når det er fleire folk ute, blir terskelen høgare for å øydelegge eller herje, seier Tuft og Clemensen. Derfor vil dei oppfordre folk som er ute og går tur til å legge ei sløyfe innom skuleplassen og idrettsanlegget.
Trygge og tydelege vaksne i møte med ungdom
Sist veke var det temakveld på Fusa ungdomsskule, med tittelen “Med bygda i ryggen - saman, for barn og unge”.
Torsdag 26. november blir det same program i Ung Arena ved Os ungdomsskule. Eitt av punkta på programmet er "Kva skjer i ungdomsmiljøet, lokalt og på nett?"
Temakvelden er retta mot foreldre, trenarar, tanter og onklar, naboar, besteforeldre og alle andre som er i kontakt med ungdom.
Du er hjarteleg velkommen!
Matias og Elin
Les meir og meld deg på her