Er du over 18 år og bur eller oppheld deg i Bjørnafjorden kommune, kan du få psykisk helsehjelp av oss i kommunen. Når du, legen eller ein pårørande tar kontakt med oss, vurderer vi kva for hjelpetilbod vi kan gi deg.
Målet med tenestene er å styrke evna di til å meistre kvardagen og førebygge negative konsekvensar av helseutfordringane dine. Du kan få individuelle råd og rettleiing tilpassa behova dine. Nokre av tilboda kan vere digitale tenester.