Tilfriskingsteam

Tilfriskingsteamet er eit kommunalt tverrfagleg helseteam som tilbyr samtale, rettleiing og rådgiving til personar som treng meir strukturert oppfølging for psykiske helseutfordringar eller rusproblem. Målet med tenesta er å støtte deg i din eigen betringsprosess, slik at du kan meistre kvardagen betre.

Kven kan få denne tenesta?

Du kan få denne tenesta dersom du

  • er aktiv i eigen endringsprosess
  • har milde til moderate psykiske helse- eller rusutfordringar
  • treng støtte- og rettleiingssamtalar
  • treng hjelp til å strukturere og organisere kvardagen  

Tenesta du får vil bli evaluert med jamne mellomrom og justert etter behov. Samtalane skjer vanlegvis på behandlaren/rådgivaren sitt kontor. Nokre tilbod kan vere digitale.

Dette er ansvaret ditt

  • Du har prøvd digitale sjølvhjelpsverktøy
  • Du er open for å bruke lågterskeltilbod når det er relevant
  • Du held avtalar og gir beskjed dersom du ikkje kan møte, ikkje er heime eller ønskjer å avslutte tenesta

Kva kostar tenesta?

Du betaler ikkje eigendel.

Du må søkje kommunen om denne tenesta. 

Slik går du fram for å søkje 

Av personvernomsyn ber vi deg om å ikkje skrive sensitive opplysningar i vanleg e-post. Oppgi heller kontaktinformasjonen din, så tar vi kontakt med deg.

Når vi får informasjon frå deg, vurderer vi kva slags hjelp vi kan tilby deg.

Kor raskt kan eg få hjelp?
Kor lenge varer tilbodet?
Lovgrunnlag