Eit informasjonspunkt er ein stad der du kan finne informasjon frå kommunen når mobilnett eller internett ikkje fungerer, til dømes ved ekstremvêr, dataangrep eller andre beredskapssituasjonar. Målet er å gi deg som innbyggar kvalitetsssikra og oppdatert informasjon om kva som skjer og kor du kan få hjelp dersom vi ikkje kan informere via internett eller mobiltelefon.
I Bjørnafjorden kommune har vi mange informasjonspunkt, mellom anna i Kommunetorget på Rådhuset, begge biblioteka og på alle daglegvarebutikkane. I tillegg er det informasjonspunkt i bygder eller krinsar utan butikk. Sjå heile oversikta over informasjonspunkt i Bjørnafjorden kommune.