Fem parkeringsplassar er kontrollert av VestPark
I 2024 blei det innført betalingsløysingar på fem kommunale parkeringsplassar på Osøyro:
Rådhuset, Giskavollen parkeringshus, Byvegen 2, Fjellheim og Oseana.
Reglane er litt ulike frå plass til plass. Under finn du ei oversikt over parkeringstider, betalingsløysingar, tal på gratistimar og korleis du går fram viss du vil leige fast parkeringsplass for ein månad eller eit år. Parkeringsplassane med betalingsløysing blir administrert av VestPark AS.
På dei andre kommunale parkeringsplassane på Osøyro blir reglane handheva av politiet
Frå oktober 2026 er det i tillegg merkt opp og skilta ei rekke kommunale parkeringsplassar med gratis parkering 8 timar eller 2 timar. Sjå liste nedst i denne artikkelen.
I tillegg til 8- og 2-timarsplassane på lista er det merka og skilta 2 timar, 1 time eller 30 minutt parkering langs Øyro og Brugata.
Det er politiet som handhevar reglane på alle desse parkeringsplassane.