Høyring: Forslag til ny forskrift om opning av jakt og minsteareal som grunnlag for fellingsløyve på hjort, samt fellingsavgift for hjort i Bjørnafjorden kommune

Frist for innspel er 24. mai 2026.

Sjå forslag til forskrift (PDF, 126 kB)

Ny viltressurslov trer i kraft 1. juli 2026. Den nye lova vidarefører hovudregelen om at kommunane skal fastsetje forskrift om opning av jakt og fastsetjing av minsteareal. Ved ikraftsetjinga av den nye lova må alle kommunar som ønskjer å krevje inn fellingsavgift, òg fastsetje dette i forskrift. 

Landbruksdirektoratet tilrår at kommunen samlar alle reglar om jaktopning, minsteareal og fellingsavgifter i éi felles forskrift som kan reviderast etter behov.

Tidlegare har kommunen handtert reglane om fellingsavgift ved å ta utgangspunkt i dei satsane som opphavleg var fastsette i statsbudsjettet. Desse satsane har likevel ikkje vore endra på fleire år, med unntak av fellingsavgifta for kalv. Kalvesatsen blei på eit tidspunkt justert ned for å stimulere til høgare kalveuttak, og for å unngå uklarheiter knytt til ordninga med «frie kalvar».

Kommunen har òg nytta ein differensiert sats for vald med bestandsplan eller vald som inngår i eit bestandsplanområde, som eit verkemiddel for å stimulere til etablering av større vald eller til at valda går saman i bestandsplanområde. 

Døme på oppsett frå 2025: 

Fellingsavgift for vald utan godkjend bestandsplan
Vaksen hjortkr 330,-
Kalvkr 100,-
Fellingsavgift for vald med godkjend bestandsplan
Vaksen hjortkr 250,-
Kalvkr 50,-


Fellingsavgifta er ei hovudinntektskjelde for viltfondet og er difor ein føresetnad for at kommunen har midlar til mellom anna ettersøk av skadd vilt. Viltfondet kan berre nyttast til viltformål, og skal ikkje nyttast til administrative oppgåver eller til å subsidiere andre kommunale tenesteområde. Midlane kan mellom anna nyttast til tiltak som styrkjer viltforvaltninga, auka kunnskap om vilt, organisering av jakt og tilskot til skadeførebyggjande tiltak i landbruket. Fondet kan òg dekkje kommunens utgifter til handtering av skadd vilt. 

For jaktåret 2025 vart det kravd inn fellingsavgift på totalt kr 203 370 for felling av 331 kalv og 726 vaksne hjort. Av dei innkravde midlane vart det tidlegare løyvd kr 65 000 årleg til det kommunale ettersøkslaget i Bjørnafjorden aust og kr 22 500 for det kommunale ettersøkslaget i vest. Avtalen i Bjørnafjorden aust er no avslutta, og det vert lagt til grunn at ei ny avtale vil innebere vesentleg høgare kostnadar. Vidare vert det mellom anna utbetalt midlar til ulike førebyggjande tiltak (inngjerding av rundballar o.l.), samt til utarbeiding av bestandsplanar med bruk av fagkonsulent og kjeveinnsamling gjennomført av Os JFF. Fellingsavgiftene vert òg nytta til gjennomføring av ulike fagkveldar og kompetansehevande tiltak. 

Det står framleis midlar på konto frå tidlegare år, desse har i avgrensa grad vore nytta seinare år. Det grunna høgt fellingstal og låg utnytting av midlane, som har ført til eit overskot fleire år. Med komande ny avtale for det kommunale fallviltlaget må ein rekne med at ein ikkje årleg kan rekne med overskot, ein må rekne med å ta i bruk ein årleg del av desse midlane framover. For å kunne møte dei auka kostnadene over tid, og samstundes sikre vidare drift og aktivitet på eit forsvarleg nivå, vurderer kommunen det som nødvendig å auke inntektene gjennom justerte satsar.

Bergen, Kvinnherad, Kvam og Tysnes kommunar har per i dag ute på høyring framlegg til fellingsavgifter der Bergen og Kvinnherad legg opp til maksimalsatsane fastsette i statsbudsjettet (sjå makssatsane frå Stortinget for 2025/2026 lenger ned), medan Kvam kommune har føreslått satsar på om lag 70 prosent av maksimalsatsane. For Tysnes kommune er det sendt på høyring eit likt forslag som det no sendast ut i Bjørnafjorden kommune. For Samnanger kommune vil det sendast ut på høyring framlegg om å behalda dagens differensierte satsar for vald med og utan bestandsplan. For vald med bestandsplan vil dette utgjere 16 prosent for hjortekalv og 48 prosent for vaksen hjort. For vald utan bestandsplan vil det utgjere 32 prosent for hjortekalv og 63 prosent for vaksen hjort. Vaksdal kommune har nyleg hatt høyring på fellingsavgifter der satsane vart føreslått til 80 prosent av maksimalsatsane.

Framlagt forslag til ny forskrift samlar no reglane om opning av jakt, fastsetjing av minsteareal og fellingsavgifter i eitt felles regelverk. Fellingsavgiftene skal liggje innanfor rammene som Stortinget fastset gjennom det årlege statsbudsjettet.

Endringar det er særleg viktig å merke seg:

Det er ikkje gjort endringar på opning av jakt eller minsteareal. 

Fastsetjing av fellingsavgift

Kommunen ønskjer å vidareføre tidlegare praksis med å nytte makssatsane som Stortinget fastset gjennom det årlege statsbudsjettet som utgangspunkt, men med fråvik, samt å bruke differensierte satsar for vald som har godkjend bestandsplan.

Satsar for fellingsavgift for hjort 2025/2026 i kroner, fastsett av Stortinget

Fellingsavgift vaksen hjort: 520kr
Fellingsavgift hjortekalv: 310kr

Det blir foreslått at vald med bestandsplan, eller vald som inngår i eit bestandsplanområde med godkjend plan, får eit frådrag på 50 prosent for vaksne hjort og 70 prosent for hjortekalv. Samstundes vil ein sette inn eit frådrag på 20 prosent for vaksen hjort og for kalv til vald utan bestandsplan. Dette skal stimulere til etablering av større vald og til at fleire valdeiningar går saman i bestandsplanområde, slik at ein får større og meir føremålstenlege forvaltningsområde.

Døme på oppsett med disse satsane frå 2025/2026, samt ei oversikt over kva dette ville utgjort i prosent av makssatsen:  

Fellingsavgift for vald utan godkjend bestandsplanProsent av makssats 25/26
Vaksen hjortkr 416 ,-80 %
KalvKr 248 ,-80 %
Fellingsavgift for vald med godkjend bestandsplan 
Vaksen hjortKr 260 ,-50 %
KalvKr 93 ,-30 %

 

Ved behov for meir midlar til viltfondet i kommunen må ein rekna med auke i fellingsavgifta grunna frådrag for alle vald og kategoriar. Dette vil spesielt gjelde for vald med bestandsplan og vald i bestandsplanområde med bestandsplan, der ein går inn for ei svært låg fellingsavgift.

Som følgje av arbeidet med ny forskrift vil den gjeldande kommunale forskrifta opphøyre når den nye forskrifta blir vedteken og kunngjord. Forslaget til ny forskrift blir med dette sendt på høyring, og kommunen inviterer alle høyringsinstansar til å kome med innspel innan fristen.

Høyringspartar:

Alle grunneigarar i kommunen, alle valda og bestandsplanområda i kommunen, Os Bondelag, Fusa Bondelag, Midthordland Bonde- og Småbrukarlag, Os jakt- og fiskelag, Fusa jakt- og fiskelag, Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland.

Send høyringssvar

Høyringsfrist: 24. mai 2026. 

Merk høyringssvar med: 26/3243

Send per e-post til: post@bjornafjorden.kommune.no 

Send per post til: Bjørnafjorden kommune, Postboks 24, 5649 Eikelandsosen