Informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027 blir halde 13. september 2027.Bjørnafjorden kommune vil gjennomføre kommunestyre- og fylkestingsvalet 13. september 2027.Bjørnafjorden valstyre har ansvaret for gjennomføringa av kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027. Leiar av valstyret er ordførar Terje Søviknes.På møteplanen kan du sjå kven som er medlem og kommande møte i Bjørnafjorden valstyre: Møteplan - Bjørnafjorden kommune Her finn du ei oversikt over tidlegare møte i Bjørnafjorden valstyreViktige datoar1. juli: tidlegstemming startarJuli: kunngjering av utleggingsmanntal10. august: ordinær førehandsstemming startar30. august - 3.september: ambulerande og rullerande stemmegiving9. september kl. 12.00: siste frist for søknad om heimestemming10. september: siste dag for førehandsstemming 13. september VALDAG Hugs å ta med deg legitimasjon når du skal stemme.Til valet i år blir det ikkje sendt ut valkort, men informasjon om kor du kan stemme.Det blir sendt ut digitalt. Om du har reservert deg for digital kommunikasjon, får du informasjon per post. Sjå valg.no for meir informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2027. Sist endra 28.10.2026 09:53