For kvikkleire skil ein på område med registrert fare, altså at ein veit at det er kvikkleire i området, og aktsemdområde, område kor det kan vere kvikkleire. Er det registrert fare, må du ha geoteknisk vurdering.
Om det er eit aktsemdområde, må området blir vurdert iht. NVE sin rettleiar for kvikkleire (PDF, 7 MB). NVE har i tillegg samla aktuelle spørsmål og svar i kvikkleirerettleiaren på nettsida «Spørsmål og svar om kvikkleireveilederen», t.d. pkt. 11 som viser at følgjande tiltak ikkje kan utløyse kvikkleire eller aukar konsekvensane av eventuelle kvikkleireskred:
- Grensejustering
- Arealoverføring
- Oppretting av eigedom som ikkje førar til endra bruk eller fysiske tiltak
- Innvendige endringar på eksisterande byggverk
- Fasadeendringer på eksisterande byggverk
For sånne tiltak er det derfor tilstrekkeleg at tiltakshaver dokumenterar at tiltaket ikkje førar til bruksendring, terrenginngrep, nye byggverk eller auka personopphald.
Første del av prosedyren i tabell 3.1. i kvikkleirerettleiaren kan bli gjort av folk som ikkje er fagkunnige (dokumentere grunt til fjell?), men dokumentasjonen må vise til prosedyren i NVE sin kvikkleirerettleiar og t.d. dokumentere fjell i dagen med bilde og plassere i kart. Dersom du ikkje kan bruke prosedyren sjølv, må du hente inn kompetanse til å gjere dette for deg.
Dersom det ikkje er mogleg å friskmelde området ut frå del 1 av prosedyren eller spørsmål og svar, må du bestille fagkunnig kompetanse for å vurdere områdeskredfaren iht. del 2 i prosedyren i kvikkleirerettleiaren.
De kan lese meir om områdeskred (kvikkleire) på NVE sine nettsider.