Handtering av slakteavfall frå hjortevilt

Slakteavfall skal handterast på ein måte som ikkje medfører fare for forureining, smittespreiing eller unødige ulemper for menneske, dyr og miljø. Etter Forureiningslova skal avfall takast hand om slik at det blir minst mogleg til skade og ulempe.

Ved handtering av slakteavfall frå hjortevilt bør følgjande leggjast til grunn:

  • Slakteavfall kan gravast ned eller leggjast ut i eigna område dersom det ikkje er påvist skrantesjuke (CWD) eller andre sjukdomar som krev særskild handtering.
  • Slakteavfall må ikkje plasserast slik at det kan føre til forureining av drikkevasskjelder, brønnar, vatn, elvar eller bekkar. Dette følgjer av den generelle plikta til å unngå forureining.
  • Det skal takast omsyn til bustader, friluftsområde, turstiar og andre område med allmenn ferdsel.
  • Slakteavfall må ikkje handterast på ein måte som skaper vesentlege luktproblem eller andre unødige ulemper for omgjevnadene.
  • Ved mistanke om sjukdom hos viltet skal Mattilsynet kontaktast for råd om vidare handtering. Det er den enkelte jegeren og valdansvarlege som har ansvar for at slakteavfall blir handtert i samsvar med gjeldande regelverk og utan å påføre omgjevnadene skade eller ulemper. 

    Fleire detaljar finn du i forureiningslova
     
    Har du spørsmål? Kontakt Mattilsynet