Samfunnet vårt står framfor store utfordringar fordi vi manglar både pengar og folk i arbeid. Likevel skal vi i kommunen levere forsvarlege tenester til innbyggarane våre.
Det betyr at vi må gi tenester på ein annan måte enn i dag.
Innsatstrappa i Bjørnafjorden er eit felles rammeverk som viser kva for tenester og tilbod kommunen skal levere, og kva dei ulike tenestene oppover i trappa krev av ressursar i form av pengar og folk.
Når fleire må bu heime lengre, er det heilt avgjerande at bustaden møter behovet ditt om du skulle oppleve sjukdom, funksjonsfall og behov for heimetenester. Derfor har vi ei eiga Bustadtrapp som synleggjer dette.
Jo meir førebygging og tilrettelegging vi kan gjere på dei første trinna i trappa, jo færre vil ha behov for dei mest ressurskrevjande tenestene øvst i trappa.
For å lukkast i denne store samfunnsendringa, krev det at kvar og ein av oss legg om tankegangen litt. Kva kan du gjere sjølv for å legge til rette for alderdom? Og kva kan du forvente at kommunen bidrar med?
Lågast mogleg i Innsatstrappa - men med like mykje hjarte.