Tilrettelagt bustad med moglegheit for døgnbemanning
Dette er eit tilbod for deg som treng varige og døgnkontinuerlege tenester. Omsorgsbehovet ditt avgjer kva bustad du kan få.
Vi har eigne bustader og tenester som er retta mot personar med rusutfordringar, psykiske helseutfordringar og nedsett funksjonsevne. Nokre bustader er døgnbemanna, medan andre får hjelp frå ambulerande tenester.
Dersom du får innvilga tilrettelagt bustad, vil du samtidig få vedtak om praktisk bistand og opplæring i tillegg til helsetenester. Bustadene har ikkje tilknytt legeteneste, så du må halde fram med å bruke fastlegen din.
Kven kan få denne tenesta?
- Personar som har eit varig behov for tenester av stort omfang
- Personar med manglande evne til å fungere åleine
- Andre kommunale tenester kan ikkje dekke hjelpebehovet ditt
Kva kostar tenesta?
Du betaler månadleg husleige og eigendel for praktisk hjelp. Du betaler elles eigne hushaldsutgifter, som mat og transport, på vanleg måte.
Vanlege spørsmål og svar om tilrettelagt bustad med moglegheit for døgnbemanning
Har eg rett på tilrettelagt bustad med bemanning dersom eg treng mykje hjelp?
Kommunen vurderer alltid hjelpebehovet ditt, og kva bustader som er ledige. Du har ikkje ein automatisk rett til bemanna bustad. Dersom du ikkje får tildelt tilrettelagt bustad, vil du få nødvendige tenester der du bur.
Kvifor får eg ikkje den bustaden eg ønskjer?
Kommunen avgjer kva bustad som er tilpassa hjelpebehovet ditt. Vi tar omsyn til ønska dine så langt det er mogleg.
Kor raskt får eg tilrettelagt bustad med bemanning?
Dersom du får innvilga søknaden, blir du sett på ei venteliste. Det er alltid den med størst behov som får tilbodet først, derfor er det vanskeleg å seie kor lang tid det vil ta. I mellomtida får du nødvendige tenester der du bur.
Kva skjer med dei andre tenestene eg har når eg flyttar inn i bemanna bustad?
Vedtaket du har hatt om tenester før innflytting blir vurdert på nytt ut frå hjelpebehovet ditt og tenestetilbodet tilknytt bustaden. Personalet i bustaden vil gi deg alle eller nokre av tenestene du får innvilga. Dersom personalet berre gir deg delar av tenestene du skal ha, blir resten gitt av ambulerande personale.
Dette er ansvaret ditt:
Dersom du får tildelt bustad, må du:
- inngå husleiekontrakt med Bjørnafjorden kommune
- ordne med det du treng av møblar og innbu
- følgje husleigereglane
Sist endra 16.11.2026 12:34