Om korttidsopphald og avlastingsopphald i sjukeheimKorttidsopphald i sjukeheim kan vere aktuelt dersom du treng nødvendig behandling, rehabilitering og/eller vurdering av hjelpebehov gjennom døgnet og dette ikkje kan skje andre stader enn på institusjon. Dette er ei heildøgns helse- og omsorgsteneste som også kan vere aktuell dersom du har ein demensdiagnose og vi treng å finne ut meir om kva du treng hjelp til. Korttidsopphald kan også vere eit avlastande tiltak for deg som er pårørande. Kven kan få tilbod om korttidsopphald?Du som treng medisinsk behandling, etterbehandling og oppfølging etter sjukehusopphald eller liknandeDu som treng lindrande behandling ved livets sluttDu som treng kartlegging av helsetilstand og funksjon/hjelpebehovDu som treng opptrening for å flytte heim etter sjukdom eller skadeDu som treng intensiv trening for å vedlikehalde funksjon og kunne bu heimeDu som har varig funksjonssvikt eller brått fall i funksjonsnivåDu som har store omsorgsbehov døgnet rundt, og dei som du bur saman med deg treng avlasting Opphaldet kan vere rullerande, det vil seie at mottakaren kan veksle mellom å bu i eigen heim og opphald på institusjon.Søk om plassKva kostar tenesta?Du må betale eigendel for korttidsopphald i sjukeheim i samsvar med Forskrift for eigendel for kommunale helse- og omsorgstenester. For korttidsopphald inntil 60 døgn i institusjon betalar mottakaren døgnpris. Korttidsopphald utover 60 døgn og langtidsopphald blir rekna ut etter inntektAvlasting er ei gratis ordning, som blir innvilga til dei med store omsorgsoppgåver (døgnomsorg) i eigen heim. Vanlege spørsmål og svar om korttidsopphald og avlasting i sjukeheimEg treng korttidsplass straks – kva kan kommunen tilby? Kommunen har ikkje akuttplassar som du kan søkje om. Ved akutt behov for helsehjelp må du ta kontakt med fastlegen din eller legevakta. Kor lenge varer eit korttidsopphald? Dei fleste får opphald som varer opp til 14 dagar. Dersom du treng lengre opphald enn det du opphavleg er innvilga, blir det vurdert fortløpande av avdelinga du er innlagt i. Kan eg velje kva sjukeheim eg vil på? Det er hjelpebehovet ditt som styrer kva sjukeheim kommunen kan tilby deg. Du får plass der det er ledig, men vi prøver å imøtekomme eventuelle ønske. Eg har fått avlastingsopphald, kva inneber det? Avlasting betyr at tilsette på sjukeheimen tar vare på dei grunnleggande behova dine. Du får vanlegvis ikkje faste legetilsyn, fysioterapi eller ergoterapi. Du må ha med eigne medisinar, medisinsk utstyr og nødvendige hjelpemiddel. Dette har du/dine pårørande ansvar for ved eit korttids-/avlastingsopphaldTa med toalettsaker og personleg tøy, og merk tøyet med namnTa med spesielle medisinar og nødvendig utstyr. Avklar eventuelt med avdelinga før du kjemTa med eventuelle hjelpemiddel og merk dei godt for å unngå forvekslingÅ samarbeide om å nå målet for opphaldetDersom du har hjelp frå andre kommunale tenester ønskjer vi, i den grad du har moglegheit til det, at du varslar dei om at du ikkje er heimeLovgrunnlagDu kan lese om rettane dine i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 a andre ledd jr. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-1 og 3-2 første ledd nr. 6 bokstav c. Sist endra 12.11.2026 15:02