Kven kan få tilbodet?
Du må vere over 18 år, bu heime og ha fått vanskar med daglege aktivitetar. Du ønskjer å vere mest mogleg aktiv og sjølvstendig. Du er motivert til å gjere ein innsats for å trene deg opp att, slik at du i størst mogleg grad kan klare deg sjølv i kvardagen.
Det er aldri for seint å begynne å trene og vere aktiv. Ein 80-åring er like trenbar som ein 30-åring.
Vi prioriterer søkjarane i denne rekkefølgjen:
- Du som kjem ut frå sjukehus eller korttidsopphald i sjukeheim
- Du som har ei funksjonsendring der tidleg innsats er viktig
- Du som treng vedlikehald av funksjon