Praktisk bistand og opplæring

Praktisk bistand og opplæring kan vere aktuelt for deg som treng hjelp i ein overgangsperiode. Målet er at du skal meistre dei daglege oppgåvene i heimen din sjølv.

Vi rettleier deg i dagleglivets gjeremål, slik som planlegging av måltid, personleg hygiene og i å strukturere kvardagen din.

Vi ønskjer at det blir inngått ein avtale med pårørande for tydeleg rolleavklaring.

Kven kan få tenesta?

Du kan få innvilga praktisk bistand og opplæring dersom du 

  • er avhengig av rettleiing og/eller opplæring for å meistre kvardagen din
  • treng hjelp til å planlegge gjeremål eller oppgåver 

Dette er ansvaret ditt:

  • Du må sjølv bidra ut frå eigne føresetnader
  • Du må ha ønske og mål om eigenmeistring
  • Du må delta aktivt i dei daglege gjeremåla
  • Gi beskjed snarast råd og seinast innan kl. 14 dagen før dersom du vil avlyse tenesta
  • Syt for utstyr som støvsugar, regulerbar mopp, reinhaldsmiddel, bøtte og klut, m.m.
  • Pass på å halde hundar og andre husdyr på eige rom i den perioden vi er hos deg
  • Ikkje røyke når vi er hos deg, og lufte på førehand dersom du røyker. Dette er nødvendig for å sikre dei tilsette sin rett til eit røykfritt arbeidsmiljø
  • Sikre at bustaden er lett å finne (utelys, namn og husnummer ved ytterdør) og tilgjengeleg på vinteren (brøyting og strøing) 

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis.

Slik søkjer du

Fyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)

eller bruk PDF-skjema søknadsskjema for helse- og velferdstenester  (PDF, 127 kB) (DOCX, 63 kB)

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt

Kva skjer vidare med søknaden?

Må eg gjere noko sjølv?
Kor ofte kan eg få hjelp?
Kor ofte kan eg få hjelp?
Kan eg få hjelp til å planlegge gjeremål og ærend?
Lovgrunnlag

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072