Kva går tenesta ut på?
BPA er ein alternativ måte å organisere den hjelpa som tradisjonelt kunne vore gitt som praktisk bistand og støttekontakt, pluss avlasting.
Med BPA er det du eller ein av dine næraste som lærer opp og leier assistentar som hjelper deg i kvardagen. Du får eit timetal for ein periode, vanlegvis for eit år, og du må sjølv planlegge bruken av timane slik at dei dekker den hjelpa du treng.
Du får tildelt ein personleg assistent for eit gitt timetal, og bestemmer i prinsippet sjølv kva du ønskjer og treng hjelp og assistanse til.
BPA kan hjelpe deg med
- praktiske gjeremål som matlaging, reinhald og klesvask
- personleg stell
- fritidsaktivitetar
- avlasting til føresette med barn under 18 år med nedsett funksjonsevne og stort hjelpebehov
Brukaren er arbeidsleiar for assistenten/-ane
Det betyr at du, eventuelt med hjelp frå familiemedlemmer eller andre nærståande, har ansvar for:
- Organisering og innhald i tenesta
- Å sette opp arbeidsrutinar og utarbeide arbeidsplanar
- Å gjennomføre personalsamtalar, følgje opp timeregistrering og elles følgje opp reglane i arbeidslivet.
- Hovudansvaret i rekrutterings- og tilsettingsprosessane, gjennom annonsering, intervju og utvelging av assistentane
Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistent?
Du har rett til å få hjelpa organisert som BPA dersom du:
- er under 67 år og har eit langvarig behov for personleg assistanse, minst 32 timar per veke.
- Med langvarig meiner vi over to år.
- Vi har også plikt til å vurdere om det er hensiktsmessig å organisere personleg assistanse som BPA, sjølv om hjelpebehovet ditt er mindre enn 32 timar i veka.
- Har ønske om, og kapasitet til, å vere arbeidsleiar for assistentane. Vi kan unntaksvis godkjenne at ein annan person er leiar for ordninga, t.d. ektefelle eller føresett.
Slik vel du assistent
Bjørnafjorden kommune har avtale med fleire firma som kan levere BPA-assistentar. Du som får innvilga vedtak om BPA, kan sjølv velje blant desse leverandørane. Hugs at det ofte er oppseiingsfrist på tre månadar frå leverandøren du brukar i dag.
Her finn du oversikt over leverandørane Bjørnafjorden kommune har avtale med.
Dette er ansvaret ditt
- Lokala må vere eigna til å ha denne typen tenester, og dei tilsette skal ha tilgang på toalett og moglegheit til å ta pause i eit eige rom.
- Du må tilrettelegge arbeidsplassen for assistentane i samsvar med krav i arbeidsmiljølov og HMS-forskrift. Det gjeld m.a. retten til eit røykfritt arbeidsmiljø.
- Som hovudregel må du sjølv ta på deg ansvaret med å leie ordninga. Det vil seie å lage timeplan, leie assistentane og føre timelister, m.m.
- Du må lære opp assistentane dine
Kva kostar tenesta?
Du betaler eigendel for heimehjelpsdelen av tenesta. Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.
Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden.
Slik søkjer du
- Du treng ein legeattest for å søkje
- Send inn digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)
- Eller du kan sende skjema per post ved å fylle ut PDF-skjema søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB) Kryss av for dagopphald. Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt.
Får du lønn som arbeidsleiar?
Nei, denne rolla er ikkje løna.
Kan familiemedlemane dine vere tilsett som assistent for deg?
Som hovudregel kan dei ikkje det. I særlege tilfelle kan vi likevel gi skriftleg løyve til dette.
Kan du ha BPA dersom du reiser på ferie?
- Ja, som hovudregel kan du nytte timane fritt innanfor ramma av vedtaket, også til reiser og opphald utanfor heimen. Du avtaler dette med assistenten/assistentane dine.
- Det er ein føresetnad at reiser og opphald utanfor heimen skjer utan ekstra kostnad for oss og i tråd med krava i arbeidsmiljølova. Det betyr at du må dekke assistent(ane) si reise og opphald, og at assistentane skal ha høve til å trekke seg tilbake og ha ordinær arbeidstid, mellom anna.
- Ved lengre utanlandsopphald må du ta kontakt med oss på førehand for å avklare forsikring, arbeidsgivaransvar og forsvarlegheit.
Kan du ha BPA i barnehage, skule, SFO?
Lovverket legg opp til at timetildelinga i BPA er avgrensa til tenester som gjeld forsvarleg og nødvendig praktisk bistand og støttekontakt. Dersom du har BPA før oppstart i barnehage, skule eller SFO, kan det unntaksvis vere teneleg at BPA også er med på desse arenaene. Dette er i så fall i nært samarbeid med oppveksttenestene.
Kan du ha BPA i høgare utdanning eller tilrettlagt arbeid?
Kan du få timar til BPA for å vedlikehalde hage, hytte eller hus?
Nei, lovverket legg opp til at timetildelinga i BPA er avgrensa til tenester som gjeld forsvarleg og nødvendig praktisk bistand og støttekontakt.
Får du opplæring i arbeidsleiarrolla?
Ja, alle BPA-leverandørane har slike kurs, og tilbyr denne opplæringa etter at du har valt leverandør.
Lovgrunnlag
Du kan lese om rettane dine i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 d, jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b og 3-8.