Ambulerande miljøtenesterAmbulerande miljøtenester omfattar helsetenester og praktisk bistand i heimen for deg som treng nokså tett oppfølging i kvardagen. Vi ønskjer at det blir inngått ein avtale med pårørande for tydeleg rolleavklaring. Kven kan få tenesta?Du treng hjelp til å organisere og strukturere kvardagen.Du har ei funksjonsnedsetting eller betydelege utfordringar i dagleglivetDu treng opplæring, struktur og støtte i heimen Dette forventar vi av degDu er open for å prøve lågterskeltilbodDu bidrar aktivt i eigen endringsprosessDu held avtalar og gir beskjed dersom du ikkje er heime (helst gjennom Innbyggardialog i Helsenorge) eller ønskjer å avslutta tenestaDu må sikre at dei som skal hjelpe deg kjem seg inn hos degPass på å halde hundar og andre husdyr på eige rom i den perioden vi er hos deg • Dei tilsette har rett til eit røykfritt arbeidsmiljø. Det vil seie at du ikkje kan røyke når vi er hos deg, og at du må lufte på førehand dersom du røyker. Du må sikre at bustaden er lett å finne (utelys, namn og husnummer ved ytterdør) og tilgjengeleg på vinteren (brøyting og strøing) Kva kostar tenesta?Tenesta er gratis. Slik søkjer duFyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)eller bruk søknadsskjema for helse- og velferdstenester (DOCX, 63 kB)Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt Kor raskt kan du få hjelp?Om du får søknaden innvilga, kan det vere ventetid før tenesta blir starta opp. Kor lenge varer tilbodet?På vedtaket du får, står det kor mykje og kor lenge du vil motta tenesta. Tilbodet blir vurdert fortløpande ut frå helsetilstanden og behovet ditt. Lovgrunnlag Pasient- og brukarrettslova § 2-1 a andre ledd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a. Sist endra 12.11.2026 10:32