Søk om å få støttekontakt/fritidskontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen.
Gjennom samvær og aktivitet kan ein støttekontakt/fritidskontakt bidra til å auke tenestemottakaren si evne til å utfalde seg, meistre ulike livssituasjonar, auke trua på seg sjølv og bli kjend med nye menneske og miljø.

Dette tilbyr vi

Ein støttekontakt er ein person som brukar tid saman med deg. Målet med tenesta er at du på sikt skal kunne delta i meiningsfulle aktivitetar på eiga hand. Målet for støttekontakttenesta er å hjelpe deg til å få ei aktiv og meiningsfylt fritid. 

Du kan få denne tenesta individuelt eller som deltakar i ei gruppe. Som hovudregel innvilgar vi støttekontakt som eit tilbod i gruppe med andre.

Kven kan få tenesta?

Du kan få innvilga støttekontakt dersom du:

  • treng hjelp til å bryte sosial isolasjon
  • treng hjelp til aktivitetar og meiningsfull fritid
  • treng hjelp til sosial trening
  • ikkje kan bruke lågterskeltilbod

Vi gjer alltid ei individuell vurdering av behovet ditt.

Dersom du bur i ein bustad med heildøgns bemanning eller på institusjon, vil du vanlegvis ikkje ha krav på støttekontakt fordi behovet ditt for å vere aktiv og sosial blir dekt av bustaden/institusjonen.

Kan støttekontakten hjelpe med å handle daglegvarer eller med andre daglege aktivitetar i bustaden?
Kan du sjølv velje støttekontakt?
Kven dekker utgiftene for støttekontakten?
Kan støttekontakt vere ei avlastande teneste?
Ansvaret ditt
Lovgrunnlag

Kva kostar tenesta?

Støttekontakt er gratis, men du må sjølv dekke dine eigne utgifter til aktivitetar du er med på. Det vil seie at du til dømes på betale for kinobilletten din, mat på kafé eller inngangspengar til svømmehall. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen.

Søk om å få støttekontakt/fritidskontakt

  • Send inn digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)
     
  • Eller du kan sende skjema per post ved å fylle ut PDF-skjema søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB). Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt.
  • Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden

Kva skjer vidare med søknaden?

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072