Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er eitt av fleire hjelpemiddel innan helseteknologi. Tryggleiksalarmen er meint for uføresette situasjonar der du treng fysisk bistand – for eksempel ved fall eller andre fysiske helseutfordringar.

NB! Tryggleiksalarmen erstattar ikkje nødtenester. Ved behov for akutt hjelp må du alltid ringe 113 eller annan aktuell nødetat.

Når du får tryggleiksalarm, får du ein alarmboks og ein alarmknapp. Alarmknappen kan du bere som eit armbandsur eller i ei snor rundt halsen.

Kriterium for å få tryggleiksalarm

Kommunen vurderer om du treng tryggleiksalarm ut frå ei fagleg vurdering av helse- og funksjonsnivå. Du kan få innvilga tryggleiksalarm dersom:

  • Du har sjukdom, skade, liding eller nedsett funksjonsevne som fører til utryggleik og fall i heimen
  • Helsetilstanden hindrar at det er mogleg å bruke mobiltelefon for å varsle
  • Du er nyleg utskriven frå sjukehus/institusjon og treng ekstra tryggleik i ein overgangsperiode  
  • Du forstår og meistrar bruken av tryggleiksalarmen, og klarar å utløyse den

Slik fungerer tryggleiksalarmen

  • Alarmen er på storleik med eit armbandsur. Du kan bere han rundt handleddet eller halsen. Når du trykker på alarmknappen, kjem du til eit døgnbemanna responssenter som vurderer situasjonen og behovet for oppfølging. 
  • Alarmen er avgrensa til å fungere inne i bustaden din. Han vil ikkje fungere utandørs.

Nøkkelboks:

  • Vi set opp ein nøkkelboks ved ytterdøra di. Her må du legge ein ekstranøkkel til bustaden din. Tryggleiksalarmen blir ikkje aktivert før nøkkelen er på plass. 
    Det er berre heimetenesta som har tilgang til nøkkelboksen, slik at dei kan kome inn i bustaden din om du treng hjelp. Pårørande kan ikkje bruke nøkkelboksen,

Innhald i tenesta:

  • Ein alarmknapp  
  • Ein alarmboks som blir kopla til straum i bustaden din 
  • Eit døgnbemanna responssenter som tar imot alarm og sørger for vidare oppfølging om du treng det 
  • Drift og vedlikehald av utstyr

Ved behov og etter kartlegging, er det mogleg å kople på ekstra sensorar, som til dømes dørsensor og røykvarslar.

Ansvaret ditt

  • Du kjem med innspel til kven som kan stå som kontaktperson dersom alarmen blir utløyst
  • Du må ha på deg alarmutløysaren når du er heime, heile døgnet
  • Du samtykker til montering av kommunal nøkkelboks, og skaffar nøkkel til å legge i nøkkelboksen
  • Sikre at bustaden er lett å finne fram til (utelys, namn og husnummer ved ytterdør) og tilgjengeleg på vinteren (brøyting og strøing)

Pårørande si rolle

Som hovudregel skal pårørande stå som første kontaktperson ved alarm. Dei må då kunne:

  • Svare på oppringing frå responssenteret.
  • Gi oppfølging ved behov.
  • Sikre eigen tilkomst til bustaden. Nøkkelboksen er berre til bruk for heimetenesta.

Kva skjer viss pårørande ikkje svarer?

Dersom pårørande ikkje svarer eller kan rykke ut, vil heimetenesta vere neste kontakt. Du vil alltid få hjelp dersom du utløyser alarmen, sjølv om dine pårørande ikkje er tilgjengelege. 

Det er mogleg å ha eit samarbeid mellom pårørande og heimetenesta om kven som er ansvarleg for å rykke ut og gi vidare oppfølging. Til dømes kan pårørande vere tilgjengelege mellom kl.15.30 og 23, og heimetenesta resten av døgnet. 

Dersom du ikkje har nære pårørande eller det ikkje er mogleg at dei står som første kontakt, vil helsetenesta sørge for nødvendig bistand. Dette må avklarast før oppstart av tenesta. 

Les også: Informasjon om tryggleiksalarm til deg som er pårørande

Teknisk informasjon 

  • Tryggleiksalarmen har back up-batteri som varer i inntil 24 timar. Dette gjer at alarmen vil fungere sjølv om straumen går i brukaren sin bustad.   
  • Alarmen er avhengig av mobilnett. Dersom det oppstår feil eller bortfall av mobilnettet, vil ikkje tryggleiksalarmen fungere i den perioden feilen varer.  
  • Alarmknappen har batteri. Heimesjukepleia får varsel når batteriet begynner å gå tomt, og vil sikre nytt batteri. 

Kva kostar tenesta?

Tryggleiksalarm er ei gratis teneste som inngår som ein del av helse- og velferdstenestene i Bjørnafjorden kommune.

Slik søkjer du om tryggleiksalarm

Fyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)

eller bruk PDF-skjema Søknadsskjema for helse og omsorgstenester - pdf (DOCX, 63 kB)

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
  • Dersom det er andre som søker for deg, må du legge ved fullmakt
  • Det er ingen søknadsfrist. Vi behandlar søknader etter kvart som dei kjem inn. 

Kva skjer vidare med søknaden?

Vanlege spørsmål om tryggleiksalarm

Fungerer alarmen dersom eg går ut av huset?
Kva skjer når eg trykker på alarmknappen?
Kor raskt får eg hjelp?
Kan eg få tryggleiksalarm dersom det ikkje er mobildekning i/ved bustaden min?
Kva skjer med tryggleiksalarmen dersom straumen går i bustaden min?

Kontakt

Avdeling for forvaltning og koordinering
Telefon: 91672072