Fjordblikk dagsenter - dagar med meining og innhald

Dagsenteret i Eikelandsosen har tilbod både for heimebuande personar med svekka kognitive funksjonar/demenssjukdomar og for heimebuande eldre. Dei to gruppene har ulike møtetidspunkt.

På Fjordblikk har vi fokus på sosial samhandling, næringsrike måltid og aktivitetar for både kropp og sinn. 
Målet er å styrke kvar enkelt gjennom dagar fylte med meining, innhald og fysisk, mental og sosial aktivitet. 
Dette er viktig både når vi blir eldre og ved ulike demenssjukdomar. 

Vi har transportordning tilknytta dagsenteret, og tilsette med kunnskap og engasjement for deg og dine behov.

Dagtilbodet for heimebuande med svekka kognitive funksjonar og ulike demenssjukdomar

  • Tilbodet er på dagtid måndag, onsdag og fredag. Vi held til i fine lokale ved Fusa bu-og behandlingssenter.
  • Tilbodet er ope gjennom heile året, med unntak av heilagdagar.
  • Dagtilbodet blir tilpassa kvar enkelt, og du kan søkje om ein eller fleire dagar. 
  • Frukost og middag er inkludert.
Dette er kriteria for å få tenesta
Ansvaret ditt/pårørande sitt
Kva kostar tenesta?
Lovgrunnlag
Kor lang tid tar det før eg får plass?
Kan eg velje kva for dagsenter eg vil til?
Kan eg få hjelp til å kome meg til og frå dagsenteret?
Er dagsenteret ope heile året?

Dagtilbodet for heimebuande eldre

  • Tilbodet er på dagtid tysdag og torsdag, kl. 10-14.
  • Vi held til i fine lokale ved Fusa bu-og behandlingssenter. Tilbodet er ope gjennom heile året, med unntak av ved ferieavvikling om sommaren.
  • Dagtilbodet blir tilpassa kvar enkelt, og du kan søkje om ein eller to dagar. 
  • Frukost og middag er inkludert.
Kriterium for å få tenesta
Kva kostar tenesta?
Dette er ansvaret ditt
Lovgrunnlag
Om eg ikkje kjem til dagsenteret ein dag - må eg likevel betale?
Er dagsenteret ope heile året?
Kan eg få så mange dagar på dagsenteret som eg vil?
Eg har fått avslag på søknaden om dagsenter, men har lyst til å vere oftare saman med andre. Finst det andre tilbod?

Slik søkjer du

Kva skjer vidare med søknaden?

Kontakt

Fjordblikk dagsenter
Telefon: 56580216
Mobil: 48893683