TreffpunktTreffpunkt er eit dagtilbod for yngre personar som som har fått påvist demenssjukdom. Vi startar dagen saman rundt bordet på Oshaugen før vi skal ut på ulike aktivitetar. Kva går tilbodet ut på?Vi legg til rette for at brukarane skal få bruke ressursane sine og ha innhaldsrike dagar. Vi går på tur både på asfalt og i skog og mark. Når det er fint vêr arbeider vi gjerne i hagen i Oshaugen. Vi drar òg på museum, naturreservat og kafear både i Bjørnafjorden og i Bergen. Måltid: Vi har felles lunsj. Dette er anten eit smøremåltid eller ein varmrett. Transport: Det er ikkje organisert transport til Treffpunkt. Brukarar må sjølve kome seg til Oshaugen.OpningstiderVi har ope kvar torsdag frå kl. 10.30 til 14.00. Vi er stengt i romjula, påskeveka og nokre veker om sommaren. Dette forventar vi av deg/dine pårørande:Du gjer det du klarer sjølv Vi får beskjed dersom du ikkje kan komeDette kan du forvente av oss:Vi behandlar den enkelte med respektVi overheld teieplikta Slik søkjer duSend inn digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID) Du kan òg sende papirskjema per post ved å fylle ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester (DOCX, 63 kB) Kryss av for dagopphald. Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, pb 24, 5649 Eikelandsosen. Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt.Kva skjer vidare med søknaden?Kva kostar tenesta?Sjå oversikt over kommunale gebyr, prisar og avgifter.Prisane blir fastsette årleg av kommunestyret i Bjørnafjorden. Sist endra 24.11.2026 10:51