AvlastingAvlasting er ei teneste for deg som utfører store og krevjande omsorgsoppgåver. Tenesta skal bidra til å hindre overbelastning og frigjere tid slik at du får nødvendig fritid og ferie. Avlasting kan skje som timeavlasting i grupper eller individuelt, i heimen, på dagsenter, institusjon eller ved privat avlasting. Vi ønskjer at det blir inngått ein pårørandeavtale for tydeleg rolleavklaring. Kven kan få tenesta?Du kan få innvilga avlasting dersom omsorgsarbeidet du utfører er særleg tyngande. Det vil seie at det:utgjer mange timar er fysisk eller psykisk belastandeinneber nattarbeidgår føre seg over tidfører til sosial isolasjon og mangel på fritid og ferie Dette har du ansvaret forÅ følgje opp avtalarÅ gi og oppdatere nødvendig informasjonÅ ta med legemiddel, toalettsaker og nødvendig medisinsk forbruksmateriellÅ sjå til, i samråd med fastlege, at avlastinga har tilgang på oppdatert informasjon, dokumentasjon og prosedyrar tilknytt legemiddel og medisinsk behandlingÅ sikre at det er med nok klede til opphaldet, og at klede og sko er tilpassa årstidaÅ ha med nok lommepengar dersom det er aktuelt å vere med på aktivitetar som kostar noko Dersom avlasting skjer i heimen, har du ansvar for å tilrettelegge arbeidsplassen for avlastarane i samsvar med krav i arbeidsmiljølov og HMS-forskrift. Lokala må vere eigna til tenesta, og dei tilsette skal ha tilgang på toalett og moglegheit til å ta pause i eit eige rom. Dei tilsette har også krav på eit røykfritt arbeidsmiljø. Kva kostar tenesta?Du betaler ikkje eigendel for avlasting. Ved aktivitetar må eigne utgifter dekkast. Slik søkjer duFyll ut digitalt skjema Søknad om helse- og omsorgstenester (du må logge på med BankID)eller bruk søknadsskjema for helse- og velferdstenester (DOCX, 63 kB)Skriv ut skjemaet, skriv under og send i posten til Bjørnafjorden kommune, avdeling for forvaltning og koordinering, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.Dersom det er andre som søkjer for deg, må du legge ved fullmakt Vanlege spørsmål og svar om avlastingKan eg bruke familie som avlastar? Familien kan i nokre tilfelle vere avlastar, men det er opp til kommunen å avgjere dette. Den som er avlastar må ha arbeidsavtale med kommunen. Kan eg få avlastar/besøksheim i ein annan kommune?Vi prøver å finne avlastar i eigen kommune og dekker transportkostnader etter vedtekne satsar innanfor kommunegrensa. Kor ofte kan eg få avlasting? Vi gjer individuelle vedtak om omfang ut frå ei heilskapleg vurdering av omsorgssituasjonen. LovgrunnlagDu kan lese om rettane dine i pasient- og brukarrettigheitslova § 2-1 a andre ledd, jf. helse- og omsorgstenestelova § 3-6 nr. 2. Sist endra 10.11.2026 11:40